KJEM100 - emnerapport 2006 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga vart gitt i form av førelesingar og gruppeøvingar. Elles vart kurset undervist utan laboratoriekurs for første gong haustsemesteret 2006. På 8 førelesingar vart det gjennomført demonstrasjonsforsøk i auditoriet. Det var planlagt totalt 54 timar (27 dobbelttimar) førelesingar, og ingen av dei vart avlyste. 8 førelesingstimar vart brukt til repetisjon og “ønskereprisar” før avsluttande eksamen. 12 kollokvier á 2 timar vart arrangerte per student. Utanom dei vanlege kollokviene vart det frå midten av semesteret oppretta såkalla “snublegrupper” for studentar med svak bakgrunn eller som elles oppfatta stoffet i pensum som vanskeleg. Det vart arrangert spørretimar heile semesteret (faglærar), eit heildags intensivkurs fire dagar før eksamen (ved ein tidlegare hjelpelærar) og ei orakelteneste to dagar før eksamen (ved dei to faste hjelpelærarane). Tidleg i semesteret vart det gitt ei obligatorisk oppgåve til innlevering: Bestått/ikkje-bestått. Denne var ikkje teljande på sluttkarakteren. Elles vart det arrangert midtsemestereksamen (fleirvalsprøve, teljer 30%) og tradisjonell avsluttande skriftleg eksamen (4 timar, teljer 70%). Kurset vart gjennomført på ein grei måte, ikkje minst takka vera dyktige hjelpelærarar.

Strykprosent og frafall

237 studentar var oppmeldte til eksamen pr 28.09.06. 191 studentar leverte obligatorisk oppgåve. 180 studentar deltok på midsemestereksamen. 180 møtte til avsluttande eksamen. 147 fekk bestått. 33 strauk på eksamen. Det var 18% stryk totalt blant dei frammøtte.

Karakterfordeling

Prosentfordeling blant dei som fekk bestått: A 9 (6,1%), B 30 (20,4%), C 53 (36,1%), D 24 (16.3%), E 31 (21,1%). Gjennomsnittskarakteren var C.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentportalen vart brukt til formidling av informasjon: Førelesingsplanar, pensum, øvingsoppgåver (og fasit/løysingsforslag), tidlegare eksamensoppgåver med fullstendige løysingsforslag, kollokviegrupper, samt informasjon og tilbakemelding om deleksamenar og obligatorisk innlevering. Oppslagstavler ved ekspedisjonskontoret på Kjemisk institutt vart også brukt. Førelesingsnotatar vart også lagde ut på studentportalen, vanlegvis i forkant av sjølve førelesingane.

Tilgang til relevant litteratur

Pensum er definert ut frå ei lærebok som blir levert via Studia. Lærebok: Masterton & Hurley, Chemistry, Principles and Reactions, 5th ed. Dette er faktisk tredje lærebok som er brukt på kurset dersom vi inkluderer prøveordninga CHEM100 våren 2003. Det er vanskeleg å finna ei lærebok som har eit passe nivå og omfang for KJEM100, men den nemnde læreboka vil også bli brukt i haustsemesteret 2007 når noverande kursansvarleg skal undervisa kurset for siste gong.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Auditorium I i Realfagbygget vart brukt til førelesingane. I dette auditoriet er det god plass alle studentane som gjekk på kurset. Elles er alle audiovisuelle hjelpemidlar tilgjengelege, sjølv om vi var plaga av tekniske problem i eit par veker: Biletkvaliteten på prosjektøren var ikkje god nok. Det er også lett å førelesa utan mikrofon. Grupperom på Kjemisk institutt og i underetasjen på Realfagbygget vart brukt til kollokviegruppene og “snublegruppene”. 

Andre forhold

Blant KJEM100-studentane har det vore svært stor variasjon i forkunnskapar og forutsetningar. Det store fleirtalet hadde fram til og med kullet hausten 2004 faktisk berre naturfag frå første klasse i vidaregåande skule. Mange studentar har tidlegare også hatt liten matematikkbakgrunn. Dette har kome tydeleg fram sjølv om KJEM100 ikkje krev særleg meir enn aritmetikk og praktisk rekning (mål og vekt). I og med eit krav om 2MX og eit tredjeårs naturfag før opptaket frå haustsemesteret 2005 kan ein vel seia at bakgrunnen blant studentane har betra seg. [Det viste seg mellom anna i tilbakemeldingane frå laboratoriepersonnalet hausten 2005. Studentane var jamnt over flinkare både med laboratoriearbeidet og rapportskrivinga enn i det føregåande haustsemesteret.] Vi ser også at strykprosenten har gått ned frå haustsemesteret 2004 (frå 30% til 17% hausten 2005 og 18% hausten 2006). Studentbakgrunnen kan vera med på å forklara dette, men ein kan heller ikkje sjå bort frå at andre faktorar kan ha spelt inn også.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Spørreskjema som var lagt ut på nettet, vart fyllt ut av studentane.

Oppsummering av innspill

Tilbakemeldingane frå studentane er i hovudsak positive. Bak dette hovudinntrykket ser vi også nyansar som sannsynlegvis heng (delvis) saman med den store heterogeniteten blant studentane. Det finst fleire interessant innspel blant dei (dessverre få!) skriftlege kommentarane, også moment som vil bli tekne til følgje neste gong kurset blir undervist. Eit problem, som vi framleis slit med på mange kurs, og også på KJEM100, er frammøte til kollokvieøvingane (storleiksorden 30%). Dei som treng denne undervisninga mest, er gjerne dei som held seg borte også. Her har vi ei stor utfordring. Interessant er det at synspunkta på eit KJEM100-kurs utan laboratorikurs er delte: Omlag 1/3 av studentane er positive til den nye ordninga, 1/3 er negative og 1/3 har ingen formeining blant dei som svarte på dette spørsmålet.

Dessverre var svarprosenten på heile evalueringa framleis liten, berre 84 av 180 KJEM100-studentane som fullførte kurset og eksamen (47%) gav tilbakemelding. Dette er likevel ein auke frå hausten 2005 (37%). Her trengst det uansett tiltak for å få fleire studentar i tale.

Frå neste gong KJEM100 blir undervist bør det stillast konkrete spørsmål om nytten av demonstrasjonsforsøka under evalueringa.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

KJEM100 og KJEM110 er arvtakarar etter det gamle generelle kjemiemnet K101. KJEM100 omfattar eit mindre og enklare pensum enn K101. KJEM110 inneheld bl.a. dei delene av K101-pensum som ikkje er med i KJEM100 i tillegg til eit laboratoriekurs. Mange biologistudentar tar KJEM100 som einaste kjemiemne (som då er obligatorisk), medan andre studentar treng KJEM100 som eit grunnlag for å ta fleire kjemiemne. Ved omlegginga under “Kvalietetsreformen” har det vist seg vanskeleg å dekka alle behov like godt, samstundes som arbeidspresset for studentane har blitt merkbart større. Dette er særleg tydleg i eit førstesemester der ein no har tre kurs med mange obligatoriske undervisningselement (frammøte og innlevering) og mappeevaluering i motsetning til to kurs tidlegare. Med delvis dette som bakgrunn vart plassen og omfanget til laboratoriekurset vurdert. Av omsyn til den faglege kvaliteten på innhaldet av kurset (mange studentar tar berre KJEM100!), kunne vi ikkje redusera pensum særleg mykje. Etter tilråding frå Kjemisk institutt og Programstyret ved Kjemisk institutt, vedtok Studiestyret ved Mat.Nat.-fakultet at laboratoriekurset i KJEM100 skulle sløyfast f.o.m. haustsemesteret 2006, og dette vart også gjennomført. Dette har gitt oss spelerom for å styrka teoriundervisninga på kurset: Vi har utvida pensum litt (meir organisk kjemi og eit ekstra kapittel om biomolekyl), slik at kurset gir eit fagleg sett meir forsvarleg grunnlag i kjemi for studentar som berre skal ta KJEM100-kurset. Vi har også fått meir tid til å gå grundigare i gjennom dei meste sentrale og også dei vanskelegaste delane av pensum. Utan laboratoriekurs prøvde ein få fram dei eksperimentelle og praktiske sidene i kjemifaget demonstrasjonsforsøk i samband med førelesingane for å illustrera tema frå pensum. Hausten 2006 vart det berre vist 8 demonstrasjonar. Dette bør utvidast til ca. 12-15 demonstrasjonsforsøk frå hausten 2007. Trass i varierande synspunkt på eit laboratorikursfritt KJEM100 blant studentane, ser ein ingen avgjerande grunnar for å gå tilbake på vedtaket som vart gjort.

Det blir svært viktig å undersøkja effekten av at ein no har KJEM110-studentar med bakgrunn frå eit laboratoriekursfritt KJEM100.

Ein merkte seg (som tidlegare) at frammøte på førelesingane var dårleg midt i semesteret. Dette tok seg kraftig opp att mot slutten av semesteret. Det dårlege frammøte undervegs kan rett og slett skuldast arbeidsmengda til studentane i løpet av nokre veker med mykje obligatorisk undervisning og prøvar i fleire emne.

Kollokvieundervisninga på KJEM100 er dessverre berre ein blanda suksess. Hjelpelærarane gjer godt arbeid. Det samme gjer dei studentane som møter fast opp på desse gruppene. Det store fleirtalet (meir enn ca. 70%) møter ikkje fast på kollokviegruppene. Kollokvieundervisninga er ikkje obligatorisk, og dermed blir det nok ofte slik at KJEM100-kollokviene tapar kampen mot obligatoriske element i matematikk og ex.phil. når timeplanen til studentane elles er full. “Frammøteproblemet” på frivillige kollokviegrupper bør diskuterast på instituttnivå for å finna ei god løysing.

Trass i den betra bakgrunnen til studentane, er det framleis mange studentar som treng meir oppfølgjing. Det vil difor bli oppretta “snublegrupper” allereie i starten av semesteret parallelt med dei vanlege kollokviegruppene. 

Institutt for Molekylærbiologi har i samarbeid med vårt institutt fått midlar til utvikling av nettbaserte verktøy for m.a. oppgåveløysing, obligatoriske innleveringar og mindre testar (teljande eller ikkje-teljande). Dette vart dessverre ikkje teke i bruk hausten 2006, men enten dette og/eller dei utvida funksjonalitetane for innleveringar på sjølve Studentportalen vonar ein å ta i bruk hausten 2007.