Undervisinga i MOL201 våren 2005 vart gjeven i form av førelesingar og kollokvier. Vurderingsforma er avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar.
Antal oppmelde studentar: 57 . Antal møtt til eksamen: 40. Antal bestått: 35. Strykprosent 13 %.
A: 6, B: 10, C: 9, D: 4, E: 6
Aktiv bruk av Mi side til meldingar, utlegging av filer og diskusjonsforum. Forelesingsnotat vart gjort tilgjengeleg på Mi Side.
Tilfredsstillande.
Stort Auditorium på HIB vart nytta som undervisingsrom. Til kollokvier vart rom ved instituttet nytta. Ingen spesielle kommentarar.
Studentevalueringa var gjennomført på Studentportalen. Det vart lagt vekt på at studentane skulle få kommentere svara sine i størst muleg grad. 16 studentar svarte på evalueringa. Fordeling av studentane som svara: bachelorstudent: 11, masterstudent: 3 og årsstudent: 2.
Studentane si heilskaplege vurdering av emnet fordelte seg slik: 1 svært bra, 8 bra, 6 middels, 1 dårleg og 0 svært dårleg. 15 av dei som svarte oppga av emnet svara til forventingane dei hadde på førehand. Arbeidsmengde: Altfor stor: 2. litt for stor: 10, passeleg: 4. Forkunnskap: 4 av 16 oppga at dei sakna forkunnskap, hovudsakleg grunnleggande molekylærbiologi. Undervisingsformer: Førelesing: Svært nyttig 1, Nyttig 5, Middels 10. Kollokvier: Svært nyttig 6, Nyttig 5, Middels 5. Pensum: Altfor stort: 4, Litt for stort: 10, passeleg: 2.
Generelt gode tilbakemeldingar frå studentane (middels til svært bra). Opplegg med fleire forelesarar har gjeve gode tilbakemeldingar frå studentane.