EMNERAPPORT

Emnekode/tittel tema: «ARK-327 Littiske studiar»/ «Flint – Steel of the Stone Age».       Semester: sommer/haust 2015                                                                                                        Emneansvarleg: Tina J. Granados                                                                                                                   Andre lærarar på emne: Berit Valentin Eriksen og Mara-Julia Weber

Undervisingsopplegg: Emne er tilbode primært til bachelor- og masterstudentar ved Kiel Universitet i Tyskland. Emne er eit sommerkurs halde på Schloß Gottorf  i Schleswig, i regi av Centre for Baltic and Scandinavian Archaeology. Etter initiativ frå Berit Valentin Eriksen vart emne i 2015 tilbode norske studentar som var i avsluttingsfase av Bachelorgrad, eller  som hadde byrja på Mastergrad. Kurset vart gjennomført over ei veke i Juli 2015, med undervising frå 09.00-15.00 måndag til fredag. Frå kl.09.00-12.00 var det førelesingar og teoretisk gjennomgang. Frå 13.00-15.00 var det praktiske forsøk (hands on) og gjerne gruppebasert undervising. All undervising var på engelsk. Kursveka vart avslutta med ekskursjon til flintførekomst utanfor Schleswig.

Vurdering: Emne gav 6 ECTS og all undervising var obligatorisk. Det var tre vurderingsformer på kurset: 1. munnleg deltaking i forelesingstimar, 2. Test (Q&A on research papers) i slutten av veka som skulle vera basert på kunnskap frå undervising. Til sist: innlevering av individuelle studentoppgåver på mellom 5000-6000 ord. Q&A-testen vart ikkje gjennomført ved kurset 2015. Studentoppgåva syntes å vera noko stor for dei norske studentane (ei bacheloroppgåve ved UiB er på 6000 ord), difor vart oppgåva redusert til maks 5000 ord. Innlevering av oppgåva skulle vera medio september, men pga. kollisjon med andre emne her ved UiB vart innlevering utsatt til medio oktober. Dei norske studentane var sjølv ansvarleg for å velje tematikk for studentoppgåvene. Dei fekk tilbod om i alt to rettleiingstimar. Den første allereie ved slutten av kursveka i Schleswig, og den andre om lag to månadar seinare her i Bergen, då ved innlevering av utkast til grupperettleiing.

Berit forklarte at aktiv deltaking på kurset også skulle inngå som vurderingsform. Dette påverkar vurdering av skriftlege studentoppgåver, fordi om studentane har delteke på kursveka og samstundes har delteke munnleg gjennom kursveka, har studentane med det også innfridd deler av målet for emne. Difor er lista i forventningar på den skriftlege eksamensoppgåva noko lågare enn til dømes i eit anna emne der storleik på eksamensoppgåve er lik. Berit fortel at det skal veldig mykje til for at ein student stryk i emne.

Pensum: Studentane fekk i forkant av kurset tilsendt ei førebels leseliste som skulle førebu studenten. Her var det primært ei bok som skulle lesast. Ved kursoppstart fekk studentane ein ny meir omfattande leseliste der tanken var at studentane skulle plukke fritt og lese til den individuelle studentoppgåve. Det skal leggast til at dei norske studentane i tillegg fekk tilsendt (frå Tina og Berit) ei meir spesifikk liste med litteraturforslag tilpassa den enkeltes oppgåvetematikk.

Kommentarar til/evaluering av emne eller eventuelt tilbakemelding frå studentar: Det var i alt tre studentar som deltok på kurset og eksaminering. To av studentane hadde akkurat starta på mastergraden med oppstart av feltkurs tidleg i august haustsemester 2015. Dette medførte at det ikkje var mogleg å forvente/arrangere eksamensinnlevering av studentoppgåver i ark-327 i medio september, fordi det ikkje ville finnes tid for studentane å gjennomføre. Dette var ei utfordring. Studentane fekk difor ny innleveringsfrist i medio oktober.

Det er delte meiningar blant studentane kva tid innleveringsdato for oppgåva bør vera. Det vert foreslått i byrjinga av november då alt av andre emne er ferdig, eller eventuelt før studiestart komande haustsemester.

Tiltak du vil vurdere for å forbetra undervising/kursform neste gang det vert undervist: Før studentane drar frå Schleswig ved kursslutt skal det avklarast tid for innlevering av eit utkast til studentoppgåver, helst før studiestart påfølgjande haustsemester. Om kursveka er i slutten av juli månad kunne innlevering av utkast skje i midten av august. Deretter kunne det arrangerast gruppe-rettleiingstime, der studentar skal lese og kommentere kvarandre sitt arbeid. Denne timen kunne ein ha kort tid etter innlevering av utkast. Dette vil tvinge studentane i gang med oppgåvene i god tid før studiestart. Deretter vil studentane få tida fram til medio oktober på å skrive oppgåver. Innlevering rundt 20-25 oktober. Det kunne vera valfritt om studentane ønske ein rettleiingstime nr 2 før endeleg innlevering av oppgåver.

Emnet bør rettast inn mot masteroppgåve. Sidan emne er valfritt og ikkje inngår som del av Bachelor- eller Masteroppgåve, bør det oppmodast til at studenten vel ein tematikk som ligg nært opp til/knytt saman med eins interesseområde og helst masteroppgåve-tematikk. På denne måten vil studenten oppleve å få utbytte av oppgåveskrivinga.

Endre emnenamn til  «ARK-327 Flint – Steel of the Stone Age».

Organisering reise/overnatting: Studentane fekk tilsendt forslag til reiserute tur/retur Bergen/Schleswig frå emneansvarleg, men alle var sjølv ansvarleg for å bestille reise og møte til kursstart. Studentane fekk eit skriv med informasjon både om reiserute, overnattingsstad, praktisk informasjon og kva utstyr ein måtte ta med seg til praktiske forsøk i kursveka. Overnattingsfasilitetar var veldig bra med tilgong til kjøkken og bad. Studentar og emneansvarleg fekk gratis overnatting heile veka i lokale disponert av Centre for Baltic and Scandinavian Archaeology. Studentane må berre betale sjølve for reise og kost.

Kurset vert ikkje tilbode sommar 2016 då Berit V. Eriksen og Mara-Julia Weber vil tilby eit anna emne til studentar frå Kiel Universitet.