Mat.inst - instituttrapport 2005 vår

Instituttsledelsens vurderinger

Praktisk gjennomføring

Det praktiske rundt gjennomføringa av undervisninga våren 2005 gjekk rimeleg greitt. Studenttalet var i hovudsak som i fjor, så det planlagde gruppetilbodet var tilstrekkeleg stort for dei fleste av våre kurs. 
Ei ordning vi har i to av kursa våre, der gruppeøvingane annankvar veke skiftar mellom å vere på to og på fire timar, bør derimot vurderast. Sidan desse gruppene bind opp mykje tid har det synt seg vanskelege for studentane å få dei inn på timeplanen, i tillegg har også undervisningsassistentar våre problem med å finne grupper som dei kan ta utan at det går ut over deira eigen undervising. Oppmøtet på den delen av desse gruppene som gjekk annankvar veke var elles så låg at det av omsyn til resursutnyttinga bør vurderast å finne ei anna løysing.

Vårens semester gjekk betre enn fjorårets når det gjaldt koordinering mellom dei typiske andresemesterkursa våre (MAT112, MAT121 og MAT131). Der var det i fjor ganske stor misnøye med måten undervegsvurderingane vart gjennomført på. I år var desse strengt koordinert med omsyn på å få inn ein leseperiode, slik at studentane ikkje måtte velje mellom enten å lese til ei undervegsvurdering eller å gå glipp av undervisninga i eit anna fag. Men sidan vår førespurnad om å innføre ei eiga veke for undervegsvurderingar ikkje fekk medhald av fakultetet sitt Studiestyre, så gjekk det uforholdsmessig mange veker vekk til denne leseperioden. Når det ikkje er ei eiga veke for alle undervegsvurderingane, så må det takast opp til diskusjon om vurderingsforma i desse kursa bør endrast, for vårens ordning var ikkje god nok 

Våren 2005 innførte vi også obligatoriske innleveringsoppgåver i ein del kurs. Desse medførte at vi fekk avslørt at ein god del av dei eksamensregistrerte studentane ikkje eigentleg hadde tenkt å ta faget, og vi fekk fjerna dei frå våre lister. Det vart elles klart at det kunne vere litt mykje å ha både undervegsvurdering og ei litt større obligatorisk innleveringsoppgåve i det same kurset. Dette vil bli vurdert for eventuelle endringar. 

Om eksamensavviklinga: Rutinane rundt dei kursansvarlege sine tidsfristar for innsending av eksamensoppgåvetekster og sensur av studentane sine eksamensoppgåvesvar ser ut til å vere godt innarbeida, og dei vert stort sett fylgd utan at det er nødvendig å sende purringar.

Strykprosent og frafall

Totalt var det 1327 eksmansmeldingar i ulike kurs ved Matematisk institutt. Desse fordelte seg som følgjer: 857 til kurs med koder MAT1XY, 209 i kurs med koder MAT2XY og MAT3XY, 76 i kurs med koder STAT1XY, 71 i kurs med koder STAT2XY og STAT3XY, 108 i kurs med kurskoder MNF1X0 og 6 oppmeldingar i spesialpensum for mastergradsstudentar.

Av dei 1327 var det 167 som ikkje fekk gå opp til eksamen på grunn manglande obligatoriske krav. Det var 250 som ikkje møtte til eksamen, 14 som trakk seg før eksamen og 5 som hadde legeattest. 13 trakk seg undervegs, så totalt 872 eksamenssvar vart levert inn. Av desse 887 var det 162 som strauk, ein strykprosent på 18,6.

Vår strykprosent er ein god del høgare enn det som er tilfelle når vi ser på alle andre kurs ved andre institutt ved fakultetet; der er strykprosenten 7,4 prosent (talmaterialet er som følgjer: 4792 eksamensmeldingar, 3843 leverte inn eitt eksamenssvar, 286 strauk). 

Den forholdsvis høge strykprosenten for kurs ved Matematisk institutt, i forhold til resten av eksamenane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, kan ha samanheng med at det i talmaterialet vårt ligg inne store grunnleggande kurs som er tilrådd i mange studieprogram, der forkunnskapsnivået til tider er mindre enn ein kunne ønskje seg. Dei aller fleste av studentane som stryk er på eit av desse elementære kursa. Det kan vere verd å tenkje på om det  bør setje inn litt fokus på korleis studentane sin studieteknikk er lagt opp.

Karakterfordeling

For kursa på lågare grad var karakterfordelinga nær opp til normalfordelinga. For dei meir avanserte kursa var fordelinga litt meir topptung. Sidan studentane på dei avanserte kursa i all hovudsak har spesiell interesse for matematikk og sidan karaktergjevinga vert gitt med utgangspunkt i studentane sine prestasjonar (og ikkje med omsyn på å få ei normalfordeling), så er ikkje dette overraskande. 
Av dei 716 som stod på eksamenar gitt av Matematisk institutt vart fordelinga som følgjer: 119 A’ar (16,8%), 140 B’ar (19,6%), 209 C’ar (29,2%), 120 D’ar (16,8%) og 80 E’ar (11,2%). (NB: All klagesensur har per 24.08.05 ikkje blitt behandla, mindre justeringar kan derfor kome i ettertid.)
Snittkarakter for kurs på lågare grad = C, 
snittkarakter for kurs på høgare grad = C, 
snittkarakter for alle kursa = C.

Ressurstilgang

Stort sett tilfredsstillande. 

Kommentar til studentevalueringene

Våren 2005 vart følgjande kurs evaluert: MAT112, MAT121, MAT131, MAT213, MAT222, MAT291, MNF130 og STAT111.

Evalueringane blei gjort ved hjelp av nettbaserte spørjeskjema som studentane fekk informasjon om via meldingstenesta og e-postsystemet som ligg i kurssidene på studentportalen.

Det var for kvart kurs to skjema, eitt for dei som følgjer undervisninga og eitt for dei som av ulike grunner ikkje vil/kan følgje undervisninga.

Svarprosenten for dei som fylgde undervisninga varierte litt men var stort sett rimeleg god. Evalueringane syner at studentar som har dei nødvendige forkunnskapane trivest bra med studentlivet, dei oppfattar førelesingane som interessante, pensumet som passeleg stort og avansert og i det heile tatt meistrar dei studenttilværet godt. Evalueringa av eit av kursa våren 2005 syner motsatt at når studentane ikkje har den ønska matematiske bakgrunnen, så vert evalueringa av kurset veldig laber – desse studentar vurderte eit av våre mest elementære kurs som for avansert.
Studentane gir elles ei tilbakemelding om at koordineringa mellom dei ulike kursa på bachelorprogramma stort sett er tilfredsstillande. 
Eit anna framtredande trekk er at det er få studentar som arbeidar så mykje med studia som vi kunne ønskje oss. Kursa si arbeidsmengd er bygd opp med tanke på at tre kurs skal utgjere ei full arbeidsveke for studentane, så når mange studentar ikkje jobbar nok med studia vert det til dels  dårlege resultat. Ut frå evalueringane ser det elles ut til at minst kvar femte student har ein jobb ved sidan av studia, noko som kan vere med på å forklare at gjennomsnittleg tid brukt på studia er i lågaste laget.

Det var ikkje så mange som svarde på dei skjemaa som var for dei som ikkje fylgde undervisninga; dei fleste grunngav det manglande frammøtet med at dei av ymse grunnar ikkje hadde høve til å delta på undervisninga (jobb, henting i barnehage, kollisjon med undervisning i andre kurs).

Studieinformasjon og dokumentasjon

Tilfredsstillande. 
Førebelse pensumlister for vårsemesteret var på plass i slutten av november. 
Studieinformasjon vart gjennom semesteret gitt gjennom førelesingar, oppslag og via kurssidene på studentportalen. 
Dokumentasjon av gjennomføringa vert gitt i alle kursansvarlege sine kursrapportar, dei eksterne sensorane sine sensorrapportar gir innblikk i praksisen omkring sensuren, og studentevalueringar og tilbakemeldingar frå gruppeleiarane gir oss ein god indikasjon om korleis studentane har opplevd kurstilbodet.

Tilgang til relevant litteratur

Tilfredsstillande. 
Studia hadde på plass tilstrekkeleg mengder med pensumbøker ved semesterstart.

Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Opplegget fungerer i det store og heile tilfredsstillande, men evalueringa av eit felleskurs vi har saman med eit anna institutt tilseier at undervisningsopplegget for dette kurset kanskje bør justerast i forhold til det som har vore tilfelle dei siste åra.

Ordninga med undervegsvurderingar og obligatoriske innleveringar i same kurs bør takast opp til ny diskusjon, spesielt undervegsvurderingane sidan mangelen på ei felles veke der alle undervegsvurderingane kan samlast medfører eitt noko langt opphald i undervisninga i MAT112, MAT121 og MAT131. 
 

Det er vidare ønskeleg at det vert tatt ein gjennomgang av instituttet sin kursportefølje, for å sjå om det er justeringar i kurstilbod og kursinnhald som kan gi eit betre tilbod til studentane. 

Av omsyn til at instituttet for tida har ei stor utskifting innan dei vitskaplege stillingane kan det vere ein ide å lage kokebøker som gir dei kursansvarlege basisinformasjon om kva praktiske detaljar som må vere på plass før, under og etter undervisninga av eit kurs.

Det bør elles tenkjast gjennom kva grep som kan gjerast for å få studentane til å innarbeide ein studieteknikk eigna for eit matematikk-/realfagsstudium. Ut frå studentane sine eksamenssvar er det tydeleg at mange studentar ikkje klarer å formulere løysinga på matematiske problem på ein gangbar måte. Det kan derfor vere ønskeleg med fleire  innleveringsoppgåver der det vert gitt tilbakemeldingar på det føringsmessige. 

Til slutt kan vi nemne at det i løpet av våren var ein gjennomgang av kursopplegget for kursa MAT101 og MAT111. Der har det blitt ei justering av ordninga med seminar, slik at studentane får større valfridom til å velje ein variant som passar deira nivå (enten kan dei velje ein time med meir stikkordsprega forklaringar til korleis ulike oppgåvetypar skal løysast, eller dei kan velje å følgje ein gjennomgang på to timar der fleire mellomrekningar vert tatt med i presentasjonen). 

I tillegg har vi adoptert ei ordning frå UiO som går ut på at det i tillegg til dei ordinære gruppene også finnes snublegrupper og grublegrupper. Grublegruppa er eit tilbod til dei studentane som forstår det meste av pensum og som lett fiksar dei fleste oppgåvene, ho er til for at dei som vil ha nokre ekstra utfordringar skal få det. Snublegruppa er for dei som innser at dei har bruk for å få ting gått gjennom i eit langsamt tempo, og som er viljuge til å gjere det nødvendige meirarbeidet som må til for å kome gjennom kurset.