BAMN-GEOF - studieprogramrapport 2005 vår

Studieprogramleders vurderinger

Praktisk gjennomføring

Det praktiske kring gjennomføringa av undervisninga våren 2005 blei gjennomført utan større problem.

Strykprosent og frafall

Totalt var det 232 eksamensmeldingar ved Geofysisk institutt våren 2005. Desse fordeler seg ved 132 emne med kode GEOF 1XY, 56 til emne med kode 2XY og 44 til emne med kode 3XY. 180 møtte til eksamen og 167 bestod eksamen.

Karakterfordeling

Av dei som bestod eksamen blei karakterfordlinga slik: 28 A'ar, 55 B'ar, 32 C'ar, 10 D'ar og 9 E'ar (altså totalt for både lågare- og høgaregradsemne).

Ressurstilgang

Undervisninga ved GFI er stort sett lite ressurskrevande. Gjennomføringa av dei fleste emna krev berre forelesar, rom og standarduststyr. Likevel inneheld eit fåtal av emna lab-undervisning, undervisningstokt og feltopplæring i meteorologi. Lab.undervisninga lider av at vi har gamalt og utrangert utstyr. Dersom det ikkje blir gjort nyinnvesteringar her snarast, er det ein reell fare for at vi snart må avvikle dette tilbodet. Den noverande bemanninga er redusert pga sjukdom og avgang. Dette har ført til litt for stor belastning på delar av den vitskaplege staben - sjølv med innleigde krefter. Med dei planlagde nytilsettingane komande semester blir bemanningssituasjonen ok for vår emneportefølje.

Kommentar til studentevalueringene

Det blei gjennomført studentevalueringar i emna GEOF 110, GEOF 120, GEOF 130, GEOF 211, GEOF 212, GEOF 231 og GEOF 301. Eit eige evalueringsskjema blei delt ut på sort sett siste forlesing før eksamen.

Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Studieprogramleders samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Basert på tilbakemeldingane vi fekk og dei avlagde eksamensresultata, kan vi trygt seie at undervisninga V05 har fungert tilfredstillande. Sett frå GFI si side er det kanskje justeringar av undervisningsopplegg og midtvegsevaluering samt emnebeskrivelse etter at kvalitetsreforma blei implementert som har prega våre utfordringar mest. Det ser no ut som om dei aller fleste emna har innhald og form som kan brukast i dei komande semestera. Dei emna som bør sjåast nærare på i høve til studentevalueringane er GEOF 110, 120 og 130. Det er pensumlitteraturen som skapar dei fleste problema her. Dette må vi ta fatt i til hausten og satse på forbetra utgåver til V06. Det er også i eit av desse emna (vanligvis GEOF 110) at vi har ekstern sensur. I resten har vi intern. Vi har endå ikkje fått tilbakemeldingar som tyder på at dette har gått utover kor rettferdig og objektivt studentane blir bedømt, men det er heilt klart at intern sensur fører til ein god del meirarbeid for fleire i den vitskaplege staben.

Med labkursa har vi store utfordringar i å erstatte gamalt og utrangert utstyr i tida som kjem. Dersom vi ikkje får dette til, er det ein reell fare for at vi ikkje kan gi dette tilbodet til studentane våre.

Ei anna utfordring vi ser gjeld geofysikktilbodet til bachelorstudentane i 5. semester (h). Når dei kjem til dette semesteret har dei fleste studentane gjort unna dei nødvendige geofysikk, matematikk og fysikkemna for å få BSc-graden. Dei har difor stor valfridom i 5. og 6. semester og ønsker ofte å ta eit ekstrakurs eller to i geofysikk. Problemet med haustsemesteret er at vi ikkje underviser emne som desse studentane har bakgrunn for å ta og blir såleis nødt for å ta andre emne. Vi bør difor sjå på om nokre av våremna våre kan flyttast til hausten.

Til sist kan det nemnast at V05 var første semester undervisning i Operasjonell oseanografi blei tilbudt ved GFI (GEOF 231). Det var hyggeleg å registrere at vi fekk gode tilbakemeldingar frå studentane som deltok på emnet.