GEOF212 - emnerapport 2005 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Gjennomføringa av kurset gjekk greit og det var ingen endringar frå planen. 

Strykprosent og frafall

Eksamen vart halde fredag 9. juni.  16 studentar var oppmeldt til den skriftlege eksamen, men berre 12 møtte på eksamensdagen. Ei av dei andre tok eksamen som spesialpensum pga tidleg attendereise til heimland. Alle studentane klarte ståkarakterar, dvs at strykprosenten vart 0%. Generelt var oppmøtet gjennom semesteret bra, og låg på rundt 12-14 personar. To dr. gradsstudentar fulgte kurset utan å ta eksamen. 

Karakterfordeling

Karakterfordelinga var slik:
3xA, 4xB, 4xC, 1xD.  Snittkarakter: B-.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Dei fleste studentane fekk nok det meste av informasjonen på førelesningane, men pensum samt alle transparantane brukt i forelesingane vart lagt ut på Web-sidene til kurset.

Tilgang til relevant litteratur

Svært god. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Forelesninger gjekk i førelesningssalen i midtbygningen ved Geofysisk Institutt. Både videokanon og tavlebruk fungerte tilfredsstillande.

Andre forhold

Dette kurset er svært populært blant ERASMUS-studentar, og fleire sa dei tok kurset etter "tips" frå andre studentar frå deira heime-universitet. Halvparten (8) av oppmelde til eksamen var frå utlandet. Generelt var studentane godt motiverte og det var ein brukbar dialog mellom forelesar og studentar. 

Fire veker før eksamen la studentane fram resultat av deira semesteroppgåve knytta til klimaforsking. Her fordelte 15 studentar seg på 8 ulike oppgåver (2 skreiv åleine). Studentane gjorde i år som i fjor ein svært god jobb, og både dei skriftlege rapportane og framlegging av resultat var av høg kvalitet. Karakterane på semesteroppgåvene var AAAABBBBBBBBCCC, dvs at det var liten fordeling med tyngdepunkt på B. Kun i eit par tilfeller fekk karakteren på semesteroppgåva betydning for den endelege karakteren. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evalueringsskjema blei delt ut på siste forelesning. 9 studentar leverte utfyllt skjema.

Oppsummering av innspill

- Fleire som meinte at kurset var for mykje tilpassa studentar med manglande matematikkbakgrunn
- God kritikk av forelesar 
- Litt utdatert pensumbok. Klimaforskinga går raskt framover. 
- Semesteroppgåva kunne kome tidlegare, og kunne vore ein presentasjon av deler av pensum

Ev. underveistiltak

Ingen umiddelbare tiltak. 

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Kurset gjekk greitt og tilbakemeldinga både under og etter (evalueringa) forelesingane var god. Kor mykje matematikk som skal trekkast inn er eit dilemma. Med stort sett samme opplegget i fjor var det fleire som trekte seg pga "for mykje matematikk". Likevel bør ein nok kunne stille meir krav tid studentane enn det som har vore tilfelle, basert på dei anbefalte bakgrunnsemna. 

Ei alternativ bok bør vurderast. Eit alternativ er å basere undervisninga på den nye IPCC rapporten (4. utg) som kjem til våren. Den er neppe særlig pedagogisk, men vil i alle fall innehalde oppdatert stoff. 

Den kombinerte bruken av videokanon og tavle vil halde fram. Dette fungerar tilfredsstillande, og studentane er tydeleg nøgde.