KJEM100 - emnerapport 2005 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga vart gitt i form av førelesingar, gruppeøvingar og laboratoriekurs. Det var planlagt totalt 39 timar førelesingar, og ingen av dei vart avlyste. 5 timar laboratorieførelesingar vart gitt i tillegg. 11 kollokvier á 2 timar vart arrangerte per student. Laboratoriekurset omfatta 5 praktiske oppgåver for kvar student samt innlevering av rapportar til godkjenning. Utanom dei vanlege kollokviene vart det mot slutten av semesteret oppretta såkalla "snublegrupper" for studentar med svak bakgrunn eller som elles oppfatta stoffet i pensum som vanskeleg. Det vart arrangert spørretimar heile semesteret (faglærar), og eit heildags intensivkurs før eksamen (ein hjelpelærar). Tidleg i semesteret vart det gitt ei obligatorisk oppgåve til innlevering: Bestått/ikkje-bestått. Denne var ikkje teljande på sluttkarakteren. Elles vart det arrangert midtsemestereksamen (fleirvalsprøve, teljer 30%) og tradisjonell avsluttande skriftleg eksamen (4 timar, teljer 70%). Kurset vart gjennomført på ein grei måte, ikkje minst takka vera ein dyktig (om enn liten!) stab på laboratoriekurset og dyktige hjelpelærarar.

Strykprosent og frafall

166 studentar var påmelde til laboratoriekurset. 169 var påmelde til avsluttande eksamen. 169 møtte til avsluttande eksamen. 141 fekk bestått. 28 strauk og ingen trekte seg frå eksamen. Det var 17% stryk totalt blant dei frammøtte.

Karakterfordeling

Prosentfordeling av dei som fekk bestått: A 5 (3,5%), B 36 (25,5%), C 39 (27,7%), D 28 (19.9%), E 33 (23,4%). Gjennomsnittskarakteren var C.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentportalen vart brukt til formidling av informasjon: Førelesingsplanar, pensum, øvingsoppgåver (og fasit/løysingsforslag), tidlegare eksamensoppgåver med fullstendige løysingsforslag, kollokviegrupper, samt informasjon og tilbakemelding om deleksamenar, obligatorisk innlevering og laboratoriekurset. Oppslagstavler ved ekspedisjonskontoret på Kjemisk institutt og utanfor laboratoriekurssalane vart også brukt. Førelesingsnotatar vart også lagde ut på studentportalen, vanlegvis i forkant av sjølve førelesingane.

Tilgang til relevant litteratur

Pensum er definert ut frå ei lærebok som blir levert via Studia. Lærebok: Masterton & Hurley, Chemistry, Principles and Reactions, 5th ed. Dette er faktisk tredje lærebok som er brukt på kurset dersom vi inkluderer prøveordninga CHEM100 våren 2003. Det er vanskeleg å finna ei lærebok som har eit passe nivå og omfang for KJEM100, men den nemnde læreboka vil sannsynlegvis også bli brukt i haustsemesteret 2006.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Auditorium I i Realfagbygget vart brukt til førelesingane. I dette auditoriet er det god plass alle studentane som gjekk på kurset. Elles er alle audiovisuelle hjelpemidlar tilgjengelege, sjølv om nokre mindre tekniske problem oppstod ved eit par høve. Det er også lett å førelesa utan mikrofon. Grupperom på Kjemisk institutt og i underetasjen på Realfagbygget vart brukt til kollokviegruppene og "snublegruppene". Kurssalane 4029 og 4031 i fjerde etasje i Realfagbygget (CIPR) vart brukt til laboratoriekurset. Det var mange studentar med på laboratoriekurset, men ein liten nedgang i talet gjorde det mogleg å halda laboratoriekurs på begge salane berre fem dagar i veka. Når 166 studentar er omlag likt fordelte på alle kurssalane, er eigentleg kurssalane fulle. M.a.o. er dette nesten eit maksimalt studenttal for fire dagar, både med tanke på HMS, trivsel på laboratoriet, tilgang til fellesutstyr, tilgang til hjelp og rettleiing frå ein relativt fåtallig kursstab.

Andre forhold

Blant KJEM100-studentane har det vore svært stor variasjon i forkunnskapar og forutsetningar. Det store fleirtalet hadde fram til og med kullet hausten 2004 faktisk berre naturfag frå første klasse i vidaregåande skule. Mange studentar har tidlegare også hatt liten matematikkbakgrunn. Dette har kome tydeleg fram sjølv om KJEM100 ikkje krev særleg meir enn aritmetikk og praktisk rekning (mål og vekt). I og med eit krav om 2MX og eit tredjeårs naturfag før opptaket for haustsemesteret 2005 kan ein vel seia at bakgrunnen blant studentane har betra seg. Det viser seg mellom anna i tilbakemeldingane frå laboratoriepersonnalet. Studentane har jamnt over vore flinkare både med laboratoriearbeidet og rapportskrivinga enn i det føregåande haustsemesteret. Vi ser også at strykprosenten har gått ned frå haustsemesteret 2004 (frå 30% til 17%). Studentbakgrunnen kan vera med på å forklara dette, men ein kan heller ikkje sjå bort frå at andre faktorar også kan ha spelt inn.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Spørreskjema som var lagt ut på nettet, vart fyllt ut av studentane.

Oppsummering av innspill

Tilbakemeldingane frå studentane er i hovudsak positive. Bak dette hovudinntrykket ser vi også nyansar som sannsynlegvis heng (delvis)saman med den store heterogeniteten blant studentane. Eit problem, som vi framleis slit med på mange kurs, og også på KJEM100, er frammøte til kollokvieøvingane. Dei som treng denne undervisninga mest, er gjerne dei som held seg borte også. Her har vi ei stor utfordring. Dessverre var svarprosenten på evalueringa svært liten, berre 62 av 166 nye KJEM100-studentar (37%) gav tilbakemelding. Her trengst det tydelegvis tiltak for å få fleire studentar i tale.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

KJEM100 og KJEM110 er arvtakarar etter det gamle generelle kjemiemnet K101. KJEM100 omfattar eit mindre og enklare pensum enn K101. KJEM110 inneheld bl.a. dei delene av K101-pensum som ikkje er med i KJEM100. Mange biologistudentar tar KJEM100 som einaste kjemiemne (som då er obligatorisk), medan andre studentar treng KJEM100 som eit grunnlag for å ta fleire kjemiemne. Ved omlegginga under "Kvalietetsreformen" har det vist seg vanskeleg å dekka alle behov like godt, samstundes som arbeidspresset for studentar har blitt merkbart større. Dette er særleg tydleg i eit førstesemester der ein no har tre kurs med mange obligatoriske undervisningselement (frammøte og innlevering) og mappeevaluering i motsetning til to kurs tidlegare. Med delvis dette som bakgrunn vart plassen og omfanget til laboratoriekurset vurdert. Av omsyn til den faglege kvaliteten på innhaldet av kurset (mange studentar tar berre KJEM100!), kunne vi ikkje redusera pensum særleg mykje. Etter tilråding frå Kjemisk institutt og Programstyret ved Kjemisk institutt, vedtok Studiestyret ved Mat.Nat.-fakultet at laboratoriekurset i KJEM100 skulle sløyfast frå haustsemesteret 2006. Dette har fleire tydlege positive følgjer: Vi kan utvida pensum litt, slik at kurset gir eit fagleg sett meir forsvarleg grunnlag i kjemi for studentar som berre skal ta KJEM100-kurset. Vi får også meir tid til å gå grundigare i gjennom dei meste sentrale og også dei vanskelegaste delane av pensum. Utan laboratoriekurs må ein få fram dei eksperimentelle og praktiske sidene i kjemifaget på ein annan måte: Frå haustsemesteret 2006 skal vi kvar veke ha demonstrasjonsforsøk i samband med førelesingane for å illustrera tema frå pensum. 

Ein merkte seg at frammøte på førelesingane var dårleg midt i semesteret. Dette tok seg kraftig opp att mot slutten av semesteret. Det dårlege frammøte undervegs kan rett og slett skuldast arbeidsmengda til studentane i løpet av nokre veker med mykje obligatorisk undervisning og prøvar i fleire emne.

Trass i den betra bakgrunnen til studentane, er det framleis mange studentar meir treng meir oppfølgjing. Det vil difor bli oppretta "snublegrupper" allereie i starten av semesteret parallelt med dei vanlege kollokviegruppene.

Institutt for Molekylærbiologi har i samarbeid med vårt institutt søkt om midlar til utvikling av nettbaserte verktøy for m.a. oppgåveløysing, obligatoriske innleveringar og mindre testar (teljande eller ikkje-teljande). Vi håpar å få ta dette systemet i bruk til nokre utvalde føremål på KJEM100.