KJEM100 - emnerapport 2010 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga vart gitt i form av førelesingar og gruppeøvingar. Elles vart kurset undervist for sjette gong utan laboratoriekurs (første gong haustsemesteret 2006). På 12 førelesingar vart det gjennomført demonstrasjonsforsøk i auditoriet. Det var planlagt totalt 62 timar (31 dobbelttimar) førelesingar. To dobbelttimar (14.10.2010 og 08.11.2010) vart avlyste. Ein dobbelttime vart brukt til prøveeksamen dagen før midtsemestervurderinga (125 studentar deltok). 6 førelesingstimar vart brukte til repetisjon og "ønskereprisar" før avsluttande eksamen. 13 kollokvier á 2 timar vart arrangerte per student. Nokre få kollokvietimar vart avlyste, p.g.a. konflikt med midtsemestervurderinga og fakultetet si informasjonsveke ("InfoUken"). Utanom dei vanlege kollokviene vart det frå og med første undervisningsveke oppretta ei såkalla “snublegruppe” for studentar med svak bakgrunn eller som elles kunne oppfatta deler av pensumstoffet som vanskeleg. Det vart arrangert spørretimar heile semesteret (faglærar), eit heildags intensivkurs ("crash-kurs") ni dagar før avsluttande eksamen (ikkje offisiell undervisning ved instituttet, men arrangert av Kjemisk Fagutvalg) og ei avgrensa orakelteneste før eksamen. Tidleg i semesteret vart det gitt ei obligatorisk oppgåve til innlevering: Bestått/ikkje-bestått. Denne var ikkje teljande på sluttkarakteren. Elles vart det arrangert midtsemestereksamen (fleirvalsprøve, teljer 30%) og tradisjonell avsluttande skriftleg eksamen (4 timar, teljer 70%). Kurset vart gjennomført på ein grei måte, ikkje minst takka vera dyktige hjelpelærarar.

Strykprosent og frafall

253 studentar var oppmeldte til eksamen pr 18.10.09 (mot 227 hausten 2009 og 205 hausten 2008). 222 studentar leverte obligatorisk oppgåve (mot 174 hausten 2009). 211 studentar deltok på midsemestereksamen (mot 169 hausten 2009 og 162 hausten 2008). 208 studentar møtte til avsluttande eksamen (mot 169 hausten 2009 og 159 hausten 2008). 175 fekk bestått. 33 strauk på eksamen. Det var 16% stryk totalt blant dei frammøtte (mot 18% hausten 2009, 22% hausten 2008 og 19% hausten 2007).

Karakterfordeling

Prosentfordeling blant dei som fekk bestått: A 20 (9,6%), B 42 (20,2%), C 67 (32,2%), D 37 (14,4%), E 16 (7,7%). Gjennomsnittskarakteren var C (som hausten 2009, hausten 2008 og hausten 2007). Vi har ein auke i studentar med karakter B (15,2% hausten 2009). Vi har også ei forskyving frå D tilbake til C (26,8% hausten 2009 og 37,1% hausten 2008) til D (26,8% hausten 2009 og 16,1% hausten 2008). Vi har også færre med karakteren E (21,7% hausten 2009). Totalt sett er karakterresultatet for kullet dermed litt betre enn hausten 2009.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentportalen vart brukt til formidling av informasjon: Førelesingsplanar, pensum, øvingsoppgåver (og fasit/løysingsforslag), tidlegare eksamensoppgåver med fullstendige løysingsforslag, kollokviegrupper, samt informasjon og tilbakemelding om deleksamenar og obligatorisk innlevering. Førelesingsnotatar vart også lagde ut på studentportalen, praktisk talt alltid i forkant av sjølve førelesingane.

Tilgang til relevant litteratur

Pensum er definert ut frå ei lærebok som er å få kjøpt på Studia. Lærebok: Masterton & Hurley, Chemistry, Principles and Reactions, 6th ed. Dette er faktisk tredje lærebok som er brukt på kurset dersom vi inkluderer prøveordninga CHEM100 våren 2003. Noverande kursansvarleg har dei siste åra undervist KJEM100 på ein "år-til-år" basis. Læreboka har dermed ikkje blitt vurdert å bytast ut. Det er vanskeleg å finna ei lærebok som har eit passe nivå og omfang for KJEM100, men den nemnde læreboka vil også bli brukt i haustsemesteret 2011 når den nye kursansvarleg skal undervisa kurset for aller første gong. Mellom anna fordi dette framleis er ei lærebok som er under utvikling: Ei ny (7. utgåve) kjem ut i år.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Auditorium I i Realfagbygget vart brukt til førelesingane. I dette auditoriet er det god plass alle studentane som gjekk på kurset, sjølv om det vart litt trongt dei par første vekene av semesteret når frammøtet var nesten 100%. Elles er alle audiovisuelle hjelpemidlar tilgjengelege. Grupperom på Kjemisk institutt og grupperom i underetasjen og Auditorium IV i fjerde etasje på Realfagbygget vart brukte til kollokviegruppene og “snublegruppa”. 

Andre forhold

Blant KJEM100-studentane har det alltid vore svært stor variasjon i forkunnskapar og forutsetningar. Det store fleirtalet hadde fram til og med kullet hausten 2004 faktisk berre naturfag frå første klasse i vidaregåande skule. Mange studentar har tidlegare også hatt liten matematikkbakgrunn. Dette har kome tydeleg fram sjølv om KJEM100 ikkje krev særleg meir enn aritmetikk og praktisk rekning (mål og vekt). I og med eit krav om 2MX og eit tredjeårs naturfag før opptaket frå haustsemesteret 2005 kan ein vel seia at bakgrunnen blant studentane har betra seg. [Det viste seg mellom anna i tilbakemeldingane frå laboratoriepersonnalet hausten 2005. Studentane var jamnt over flinkare både med laboratoriearbeidet og rapportskrivinga enn i det føregåande haustsemesteret.] Vi ser også at strykprosenten har gått ned frå haustsemesteret 2004 (frå 30% til 17% hausten 2005, 18% hausten 2006, 19% hausten 2007, 22% hausten 2008, 18% hausten 2009 og 16% hausten 2010). Studentbakgrunnen kan vera med på å forklara dette, men ein kan heller ikkje sjå bort frå at andre faktorar kan spela inn også.  

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Spørreskjema som var lagt ut på nettet, vart fyllt ut av studentane.

Oppsummering av innspill

Tilbakemeldingane frå studentane er i hovudsak positive. Bak dette hovudinntrykket ser vi (som i tidlegare semester) også nyansar som sannsynlegvis heng mykje saman med den store heterogeniteten blant studentane. Det finst fleire interessant innspel blant dei (alfor få!) skriftlege kommentarane, også moment som vi delvis må prøva å ta til følgje neste gong kurset blir undervist. Eit problem, som vi framleis slit med på mange kurs, og også på KJEM100, er frammøte til kollokvieøvingane (storleiksorden 30%). Dei som treng denne undervisninga mest, er gjerne dei som held seg borte også. Her har vi framleis ei stor utfordring. Trass i at mange held seg borte frå kollokviene, kan det likevel sjå ut som om at vi hadde ein liten men tydeleg auke i frammøte på KJEM100-kollokviene. Sjølv om vi ser bort frå snublegruppene, som har svært godt frammøte, hadde vi eit gjennomsnittleg frammøte som nærma seg 40% mot tidlegare rundt 30% fram til og med hausten 2009. Dessverre har vi hatt ein liten tilbakegang hausten 2010.

Svarprosenten på heile evalueringa er framleis måteleg, berre 97 av 208 KJEM100-studentane (47%) som fullførte kurset og eksamen, gav tilbakemelding. Dette er ein likevel ein solid auke frå hausten 2009 (27%) etter fleire år med nedgang (hausten 2008 (33%), hausten 2007 (36%) og hausten 2006 (47%)). Sjølv om auken i svarprosent var oppmuntrande, skulle ein gjerne fått endå fleire studentar i tale.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

KJEM100 og KJEM110 er arvtakarar etter det gamle generelle kjemiemnet K101. KJEM100 omfattar eit mindre og enklare pensum enn K101. KJEM110 inneheld bl.a. dei delene av K101-pensum som ikkje er med i KJEM100 i tillegg til eit laboratoriekurs. Mange biologistudentar tar KJEM100 som einaste kjemiemne (som då er obligatorisk), medan andre studentar treng KJEM100 som eit grunnlag for å ta fleire kjemiemne. Ved omlegginga under "Kvalietetsreformen" har det vist seg vanskeleg å dekka alle behov like godt, samstundes som arbeidspresset for studentane har blitt merkbart større. Dette er særleg tydleg i eit førstesemester der ein no har tre kurs med mange obligatoriske undervisningselement (frammøte og innlevering) og mappeevaluering i motsetning til to kurs tidlegare. Med delvis dette som bakgrunn vart plassen og omfanget til laboratoriekurset vurdert. Av omsyn til den faglege kvaliteten på innhaldet av kurset (mange studentar tar berre KJEM100!), kunne vi ikkje redusera pensum særleg mykje. Etter tilråding frå Kjemisk institutt og Programstyret ved Kjemisk institutt, vedtok Studiestyret ved Mat.Nat.-fakultet at laboratoriekurset i KJEM100 skulle sløyfast f.o.m. haustsemesteret 2006, og dette vart også gjennomført. Dette har gitt oss spelerom for å styrka teoriundervisninga på kurset: Vi har utvida pensum litt (meir organisk kjemi og eit ekstra kapittel om biomolekyl), slik at kurset, på den teoretiske sida, gir eit fagleg sett meir forsvarleg grunnlag i kjemi for studentar som berre skal ta KJEM100-kurset. Vi har også fått meir tid til å gå grundigare i gjennom dei meste sentrale og også dei vanskelegaste delane av pensum. Utan laboratoriekurs har kursansvarleg prøvd å få fram dei eksperimentelle og praktiske sidene i kjemifaget ved demonstrasjonsforsøk i samband med førelesingane for å illustrera tema frå pensum. Hausten 2006 vart det berre vist 8 demonstrasjonar. Dette vart utvida til 13 demonstrasjonsforsøk hausten 2007 og 12 hausten 2008, hausten 2009 og hausten 2010. Trass i varierande synspunkt på eit laboratorikursfritt KJEM100 blant studentane, ser ein ingen avgjerande grunnar for å gå tilbake på vedtaket som vart gjort.

Ein merkte seg (som tidlegare) at frammøte på førelesingane var dårleg midt i semesteret. Dette tok seg kraftig opp att mot slutten av semesteret. Det dårlege frammøte undervegs kan rett og slett skuldast arbeidsmengda til studentane i løpet av nokre veker med mykje obligatorisk undervisning og prøvar i fleire emne.

Kollokvieundervisninga på KJEM100 har tidlegare vore ein blanda suksess, frammøte tok seg opp nokre år, men no har vi dessverre hatt ein liten tilbakegang att. Hjelpelærarane gjer godt arbeid. Det samme gjer dei studentane som møter fast opp på desse gruppene. Det store fleirtalet (meir enn ca. 2/3) møter ikkje fast på kollokviegruppene. Kollokvieundervisninga er ikkje obligatorisk, og dermed blir det nok ofte slik at KJEM100-kollokviene tapar kampen mot obligatoriske element i matematikk og ex.phil. når timeplanen til studentane elles er full. “Frammøteproblemet” på frivillige kollokviegrupper bør diskuterast på instituttnivå for å finna ei god løysing.

Trass i den betra bakgrunnen til studentane, er det framleis mange studentar som treng meir oppfølgjing. Hausten 2007 vart det difor oppretta “snublegrupper” allereie i starten av semesteret parallelt med dei vanlege kollokviegruppene. Dette heldt ein fram med hausten 2008, 2009 og 2010.

Læreboka har fått middels til god tilbakemelding. Som nemnt er det vanskeleg å finna ei høveleg lærebok for KJEM100. Den nye kursansvarlege som tar over hausten 2011, vil halda fram med den same læreboke i ny utgåve.

Frå hausten 2007 har ein merka ein uheldig trend: Studentane er blitt mindre flittige til å gå inn på Studentportalen for å sjekka meldingar og lasta ned filer. Denne trenden har heldt fram hausten 2008, 2009 og 2010.