MOL100 - emnerapport 2009 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga var bygd opp av førelesingar og fem kollokvier der to var obligatorisk (første og tredje). Kollokvieleiarane var  masterstudentar og PhD-kandidatar. Vurderingsform var 3 deleksamenar (20%) og ein avsluttande eksamen (80%). Avsluttande eksamen var oppbygd av fleirvalsspørsmål og tradisjonelle oppgåver med skriftleg svar. 

Strykprosent og frafall

Kandidater		Totalt 		K/M
Meldt:			169		110/59
Møtt:			153		98/55
Stryk%:		         7 		6/9

Studiepoengproduksjon: 1420

Karakterfordeling

A: 7,2%   B: 28,7%   C: 22,9%    D: 22,2%    E:11,8%

Snitt: C

Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr



Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Det kom inn svar frå 47 av 169 meldte studentar. Dette utgjer 27,8 % av dei oppmeldte studentane, eller 30,7 % av dei oppmøtte studentane. Svarprosenten er på same nivå som i andre spørjeundersøkingar, og kan ikkje reknast som eit representativt utval.

Oppsummering av innspill

Studentane som svarte på spørjeundersøkinga fordelte seg på følgjande måte:
-17 % tilknytta bachelor i molekylærbiologi
- 38,3 % tilknytta bachelor i biologi
- 12,8 % tilnytta bachelor i kjemi
- 14,9 % tilnytta bachelor i nanoteknologi
- 17,0 % tilknytta årstudium eller anna studium

De fleste studentane meinte at arbeidsmengda var altfor stor (31,9 %) eller litt for stor (40,4 %). Det var færre (23,4 %) som meinte arbeidmengda var passeleg, og kun 4,2 % mente det var for lite. Det var tilnærma likt fordelt mellom dei som sakna forkunnskapar og dei som ikkje gjorde det. Hovudsakleg sakna studentane forkunnskapar som 3.klasse biologi frå vidaregåande skule. Dei som har hatt biologi på vidaregåande syntes det var eit hopp frå dette til MOL100 og det kunne derfor ha vore greit med eit forkurs. Nokon studentar saknar kunnskapar innan kjemi, og erfaringsmessig kan dette særleg gjelde for biologistudentane.

Nesten alle studentane som svarte deltok på 75% eller fleire forelesingar, og 70% av studentane hadde eit (middels-stort) utbytte av forelesingane. Ein gjennomgåande kommentar til ein del av forelesingane er at studentane syns det er for mykje bilete og for lite forklarande tekst/stikkord til figuren. Forelesingsnotatane har derfor ikkje stor verdi til eksamenslesing med anna studenten har klart å skrive ned det som forelesar har sagt. Studentane ønskar meir forklaring av figurane og vidareformidling av kunnskap framfor presisering om at dei må kunne figuren og at den er eksamenspensum.

Majoriteten av studentane har hatt utbytte av å delta på kollokviene. Majoriteten (83%) av studentane deltok på ei eller fleire ikkje-obligatoriske kollokvier. Dei som ikkje deltok svarte at dei ikkje følte sosial tilknyting til gruppa, dei hadde ikkje utbytte av dei obligatoriske kollokviene og at ein kan lese seg til svara på eiga hand. Blant kommentarane til kollokviene er at det er ønskeleg med fleire veker med kollokvier, kollokvier etter at fasit til deleksamen er lagt ut, løysingforslag med korte sidehenvisingar til læreboka etter kollokviene, faste kollokvieleiarar.

Deleksamenane vart rekna som litt for vanskelege eller for vanskelege av majoriteten av studentane. Mange kommenterte at spørsmåla hadde tunge, forvirrande og tvetydige formuleringar, og spørsmål om ”mest rett/feil” er vanskeleg då ein er på eit innføringsnivå. Nokon har kommentert at deleksamenane har vore nyttige for læringa. Studentane syns det har fungert bra med nettbaserte innleveringar.

Dei fleste studentane føler at dei har fått nok og korrekt informasjon gjennom semesteret. Informasjonen er hovudsakleg henta frå forelesingane, Mi Side og medstudentar. Studentane saknar informasjon om kva som er pensum til dei ulike forelesingane. Når det gjeld innfridde forventningar til emnet er studentane delt på midten. Pensumet vart vurdert til å vere for stort av majoriteten av studentane, og studentane syns det er mindre bra at pensum er spreidd i læreboka. Ei detaljert pensumliste med sidetal er etterlyst blant svært mange studentar. Sjølve læreboka blir vurdert som tungt skrevet, omfattande og detaljfokusert.

Ev. underveistiltak

Grunna manglande oppmøte på dei to obligatoriske kollokviene måtte det innførast individuelt obligatorisk oppmøte for nokon studentar. 

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Kræsjkurs i cellebiologi (organeller, kva prosessar skjer kvar, gjennomgang av framande ord som transkripsjon, translasjon, replikasjon…) holdt av PhD-kandidat før undervisninga startar. Dette kan gi ein mjukare start for dei studentane som ikkje har 3.klasse biologi, samt gi ei oppfrisking for studentar som har hatt biologi på vidaregåande.

Kollokvieleiar kan spørre gruppa kven som har gjort oppgåvene på førehand og dele gruppa i to: ei for dei som ikkje har gjort oppgåvene og ei for dei som har gjort oppgåvene. Sistnevnte gruppe kan då gå raskare gjennom oppgåvene og få lov til å gå tidlegare viss dei blir fort ferdig. Dette kan virke som ei gulrot og kanskje kan ein få fleire studentar til å jobbe med oppgåvene på førehand.

Kollokviegruppene bør flyttast opp til Realfagsbygget der bachelorstudentane (i molekylærbiologi) hovudsakleg held seg. Våre studentar har to kjemiemne 2.semester og tilbringer mest tid i og rundt lesesalen Hangaren. Ved å flytte kollokviene til grupperom på Realfagsbygget kan ein senke terskelen for deltaking på dei ikkje-obligatoriske kollokviene. I tillegg kan ein ha to kollokviegrupper parallelt der ein kollokvieleiar går mellom gruppene. Dette krev at studentane har jobba med materialet på førehand og kan diskutere seg i mellom på kollokviumet. Kollokvieleiar skal ikkje gi svara, men bør heller vere tilgjengeleg for å høyre på studentane sine svar og gi tilbakemelding på desse.