MOL300 - emnerapport 2009 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Emnet har sju øvingar fordelt over åtte veker. Øvingane går over tre dagar per veke, og kvar øving blir avslutta med eit seminar der studentane presenterar resultata sine. Det blir holdt totalt åtte førelesingar; eit orienteringsmøte og ei før kvar labøving.

Strykprosent og frafall

Kandidatar	Total		K/M
Oppmeldt		24		12/12
Møtt		22		11/11
Bestått:		22		11/11
Stryk%:		0
Studiepoengproduksjon: 440

Karakterfordeling

A: 31,8% B: 50% C: 4,5% D: 9,1% E: 4,5%

Gjennomsnittskarakter: B

Studieinformasjon og dokumentasjon

Laboratorieprotokollane vart delt ut i starten av semesteret. Anna informasjon vart delt ut eller lagt på Mi Side. 

Tilgang til relevant litteratur

Læreboka var Wilson and Walker: Principles and Techniques of Biochemistry and Molecular Biology, 6th ed., og kunne kjøpast hos Studia. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Tilfredsstillende, men studenttallet må ikke overstige 24. Undervisningsform og laboratoriesikkerhet tillater ikke flere studenter pr. kurs. Kurset er et avansert metodekurs som krever moderne instrumentering. Instituttet bør gå gjennom instrumenteringen med tanke på utskifting av utslitt utstyr og anskaffelse av nye relevante instrumenter. Se nedenfor studentenes forventning om hva kurset skulle gi opplæring i.

Andre forhold

Ingen

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Spørjeundersøkinga vart delt ut til studentane under den siste øvinga, og 20 av 22 oppmøtte studentar svarte på undersøkinga eller 91% svarrespons.

Oppsummering av innspill

Alle studentane på emnet går på master i molekylærbiologi. Knapt 60 prosent av studentane syntes at arbeidstempoet var passeleg, medan dei resterande studentane syntes emnet hadde eit stramt tidsskjema. Halvparten av studentane vil at kursdagane skal begynne kl.0915 slik det er no, medan 18 prosent syns at ein bør begynne kl.0815.  

Halvparten av studentane forventa ei jamn fordeling mellom metodar og teori. Resten av studentane fordelte seg mellom å enten forvente fleire metoder eller meir teori. Majoriteten av studentane lærte meir eller mindre det dei hadde forventa. Dei resterande studentane fordelte seg likt mellom at dei lærte meir enn forventa eller mindre enn forventa. Nivået på dei ulike øvingane var samla sett ok i følge 65 prosent av studentane, medan 27 prosent syntes øvingane var vanskelege. Dei resterande studentane syntes emnet var enkelt.

Studentane ga tilbakemelding på kva metodar dei har lyst til å lære: Immunologiske metodar som ELISA, massespektrometri, 2D gelar, immunohistokjemi, meir proteinreising, sekvensering, bioinformatiske oppgåver, radioimmunoassay, PCR primer design, ulike PCR metodar.

Beredskapen til lærarpersonalet var bra i følgje 60 prosent av studentane og OK i følge 35 prosent av studentane.  Tilgangen til forberedt material/løysingar var OK og bra for høvesvis halvparten og 25 prosent av studentane. Studentane fekk spørsmål om dei sjølve burde lage løysingane, men majoriteten av dei var i mot dette. Emneleiarane var godt (50%) eller ok (45%) forberedt i følgje studentane. Labassistentane var flinke i følgje 70 prosent av studentane studentar og OK i følge 20 prosent av studentane. 

Studentane ga følgande forslag til forbetringar:
•	Utnytte førelesingane til å fortelje og forklare teorien (kva og kvifor) bak temaet for labøvinga.
•	Introduksjonskurs på laboratoriet for studentar som ikkje har bachelor frå MBI.
•	Ein felles mal/døme på korleis ein skal skrive ein labrapport. Alle førelesarane må vere einige om denne slik at ein unngår at krava blir endra frå veke til veke.
•	Tilbakemelding på alle labrapportane.
•	Dei som rettar labrapportane bør vektlegge det same for å gi stabilitet. 
•	Alle studentar må forberede ein dagsplan før dei får starte.
•	Auke omfanget av emnet til 30 sp.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Samlet ansees kurset som vellykket basert på teknisk gjennomføring og tilbakemelding fra studentene. Eksamensresultatet er meget godt og antyder vel at læringsutbyttet har vært godt i forhold til de mål (og den målgruppe) instituttet har for kurset.
Det anbefales at det ved planlegging av neste kurs tas hensyn til noen av de forslag som studentene har fremmet. Spesielt gjelder det samkjøring av kursrapportevalueringene/tilbakemeldingene mellom de forskjellige oppgaveansvarlige. Det er også av stor betydning at kursoppgavene oppdateres og skiftes ut i tråd med fagets utvikling. Her må det foregå en koordinering mellom dette emnet og andre eksperimentelle emner som MBI tilbyr.