MOL100 - emnerapport 2008 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga var bygd opp av førelesingar og kollokvier. Kollokvieleiarane var  PhD-studentar. Vurderingsform var 3 deleksamenar (20%) og ein avsluttande eksamen (80%). Avsluttande eksamen var oppbygd av fleirvalsspørsmål og tradisjonelle oppgåver med skriftleg svar. 

Gjennomføringa vart prega av at emneansvarleg hadde for mykje undervising dette semesteret og var uerfaren med heimeeksamen. Ut gjennom semesteret betra dette seg. Førelesingsplanen måtte endrast då medførelesar ikkje kunne delta grunna kritikk frå studentane.

Strykprosent og frafall

Kandidater		Totalt 		K/M
Meldt:			152		98/54
Møtt:			134		90/44
Stryk%:		         11%		9/6

Studiepoengproduksjon: 1190

Karakterfordeling

A: 19 (14,2 %) B: 32 (23,9%) C: 38 (28,4%) D: 17 (12,7%) E: 13 (9,7%) 
Snitt: C

Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Bra

Andre forhold

Hovudproblemet og hovudutfordringa i dette emnet er den store heterogeniteten blant studentane. Det er for mange svake studentar som tar dette emnet. Det er ei stor utfordring for studentane å bruka engelskspråkleg lærebok. Men dette er naudsynt skal dei seinare kunne orientera seg i faget.	

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

48 av 152 påmeldte studenter deltok i spørreundersøkelsen. Dette utgjer ein svarprosent på 31,6 % av påmeldte studentar og 35,8 % av møtte studentar.
Stort sett samsvarar studentevalueringane med emneansvarlig sine vurderingar.

Oppsummering av innspill

Om lag 27 % av studentane som svarte har bakgrunn i biologi og 21 % frå molekylærbiologi. Dei resterande kjem frå kjemi, nanoteknologi, årstudium og andre program.
Like mange studentar (44%) syns at arbeidsmenga enten er passeleg eller litt for stor i forhold til studiepoeng. Av dei som svarte syns 10 % at arbeidsmengda er alt for stor. Pensum vert karakterisert på same måte. 50 % meinar at pensumet er litt for stort, 27 % syns det er passeleg og 21% syns det er altfor stort. Det er ønska ei konkret oversikt over pensum og kva som er viktig i pensum. 54% av studentane sakna forkunnskapar, særleg i biologi og kjemi. 
81% av studentane har deltatt på dei fleste forelesingane (75% og meir). Forelesingane vert karakterisert som lite nyttig til unyttig (35%), middels nyttig (25%) og nyttig til svært nyttig (40%). 63% av studentane deltok på kollokviene og 42% deltok på halvparten av desse eller fleire. 67% av studentane meinar kollokviene er middels til svært nyttig. Studentane gav positive kommentarar om kollokviene medan forelesingane vart meir negativt omtalt.
Deleksamenane vart omtalt som for vanskelege eller litt vanskelege av 71% av studentane. 25% av studentane meinte at deleksamenane var passelege. Nettbasert innlevering av deleksamen fungerar fint for studentane. Dei fleste tilbakemeldingar (42%) frå studentane om deleksamen omhandlar at spørsmåla inneheldt rom for tolking og at dei ikkje var så veldig pensumorienterte. 
Studentane henta hovudsakleg informasjon om MOL100 frå Mi Side, forelesingane, medstudentar og kollokviene. Kommentarar til informasjon er at den dårleg oppdatert og at det er vanskeleg å vite kva som er pensum.  
65% av studentane syns faget samsvarte med forventningane og 79% syns faget fungerar middels til bra saman med andre fag. Den heilskaplege vurderinga av emnet er som følgjer: svært dårleg (8%), dårleg (14%), middels (35%), bra (35%) og svært bra (4%).  

Ev. underveistiltak

Endring av dei obligatoriske heimeeksamenane og kollokvieoppgåvene; permitering av ein førelesar.

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Det må settast inn meir personalressurser for undervisinga i emnet og nokre kollokvier bør vera obligatorisk for å få studentane aktive. Val av lærebok må også evaluerast og det må utarbeidast detaljert definisjon av pensum sidan studentane er relativt umodne.