MAT264 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Gjennomføringa av kurset har vore basert på at studentane skal gjere øvelsar der eg som kursansvarleg forventa sjølvstendig arbeid av dei. Studentane har vore sett saman i grupper på to og to, der gruppene har blitt bytta om frå øvelse til øvelse. I løpet av heile semesteret har dei blitt presentert 3 forskjellige oppgaver. 
Som faglærar har eg sett tentative innleveringsfristar, men utan å vera absolutt på datoane. Stort sett heldt vi oss til tempoplanen, og kurset var avslutta i god tid. Eksamen vart avhaldt 10. mai.
  

Strykprosent og frafall

4 studentar meldte seg opp til kurset. Alle leverte inn alle øvelsane, og alle stod til eksamen.

Karakterfordeling

2 studentar fekk A, og 2 studentar fekk B. Dette er eit veldig bra resultat, og eg meiner det reflekterer at kullet av studentar var veldig bra og flinke til å arbeide.  

Studieinformasjon og dokumentasjon

Kurset MAT 264 har ikkje eit fast pensum.  Dette gir faglærar fleksibilitet til å trekke inn emner som han meiner passar gruppa av studentar. Eg har førelest kurset ein gong før (2005), og eg valgte å legge vekt på andre problemstillingar dette semesteret ettersom alle 4 studentane skulle ta master i reservoar matematikk. Den første innleveringa var ei generell modelleringsoppgave, der studentane skulle studere ein modell for populasjonsdynamikk. (Denne oppgava brukte eg og i 2005).
Oppgave 2 var ei oppgave inspirert av the 'SIAM 100-digit challenge', der studentane skulle bruke både analyse og numeriske metodar til å finne svaret på ei oppgave til minst 10 desimalars nøyaktighet. Dette var ei ny oppgave.
Tredje oppgava omhandla simulering av fleirfaseflyt i porøse media, som eg meinte var naturleg å bruke ettersom alle studentane skulle ta master-oppgaver innan reservoar matematikk.

Studentane har fått informasjon om pensum og omfang av oppgavene undervegs i semesteret. Eg har føreslått bakgrunnslitteratur, samstundes som studentane har blitt oppmoda til å finne aktuelt støttestoff når/dersom det var nødvendig.     

Tilgang til relevant litteratur

Litteratur-liste blei laga i løpet av semesteret. Studentane måtte også delvis finne tilleggslitteratur naå det var nødvendig. alle oppgavene gav forlslag til litteratur studentane kunne støtte seg til.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Vi brukte i stor grad datautstyret på lab-romma på Matematisk institutt. Nokre gonger måtte undervisning utsetjast pga. generell nedetid på dataanlegget på Matematisk. Dette var tidvis stressande for studentane (og kursansvarleg). Seminarrom 640 vart nytta for tavle-undervisning av og til, men det synte seg at å jobbe på dataromma var mykje meir nyttig for studentane.
Dette bør prioriterast for undervisning i framtida.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Studentane gav bra tilbakemelding på gjennomføringa. Problemstillingane vart oppfatta som interessanne, og studentane seier i evalueringa at oppgave krevde mykje arbeid. Dette, saman med gode karakterar, tyder på at studentane har jobba veldig sjølvstendig. 
Alle studentane seier at eg som førelesar var engasjert, motiverande og skapte interesse for faget. Dei fleste seier at eg hadde ei oversiktleg framstilling av faget og pensum. Alle seier at pensummet er veldefinert - på trass av at vi ikkje hadde noko fast opplegg på førehand. Slik sett viser det at dette faget passar godt til 'faglig improvisasjon'. 
Alle seier at tavlebruken var dårleg/middels bra. Dette er nok pga. at tavlebruken kun var meint for oversikt og stikkord for gjennomføring av øvelsane, og ikkje for å ta notater for utdjuping av pensum. Dette ville eg kanskje gjere noko med dersom eg skulle undervise kurset i framtida.

Oppsummering av innspill

Innspela frå studentane var god - dei fleste var nøgde med undervisninga og gjennomføringa. 

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Kurset passa veldig godt inn for studentar som er kome i den fasa av studiet at ein skal gjere ting sjølvstendig. Her har studentane mogelegheit og tid til å skrive kode sjølv, bruke andre sin kode, modifisere kode til eige bruk, bruke ferdig programvare i kombinasjon med eigne prosjekt, og jobbe heilheitleg med reknevitskap.  
Kurset passa utmerka for fleksibel undervisning og meir interessanne oppgåver knytta til master-oppgåvene deira.