MOL201 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

20 doble forelesingar (40t) inkludert ei oppsummering (2t) til slutt. Det ble gitt 8*2t*3grupper kollokvier. Talet på forelesingar og kollokvier var det same som våren 2005. Nesten alle forelesingsfigurar (PowerPoint) vart lagt ut på Studentportalen (Mi side). Dei fleste av desse vart lagt ut minst ei veke på førehand. For å betre utbyttet av kollokvia og motivere studentane til større eigeninnsats gjennom heile semesteret vart det ved starten opplyst at 70% av eksamensoppgåvene skulle takast direkte frå kollokvieoppgåvesamlinga. Dette opplegget skulle også gi studentane meir skrivetrening og var tenkt som eit alternativ til obligatoriske innleveringar og heimeeksamen. Fire dagar før avsluttande eksamen vart det arrangert ein spørjetime (2t) der spørsmål frå studentane vart gjennomgått.

Strykprosent og frafall

Påmeldte til emnet (70). Møtt til første forelesing (52).  
Oppmeldt (56). Møtt (45), 80%. Bestått (39), 87%. 
Stryk (6), 13%. Snitt (C). 

Karakterfordeling

A (2.2%), B (17.8%), C (33.3%), D (20.0%), E (13.3%), F (13.3%).
Snitt (C). 

Studieinformasjon og dokumentasjon

All informasjon (planar, forelesingsfigurar, pensum, kollokvieoppgåver, evaluering) var lagt ut på Studentportalen.

Tilgang til relevant litteratur

Lærebok var distribuert gjennom Studia og pensum på Studentportalen. Det vart brukt den same læreboka (Lodish et al. 5. utg.; Molecular Cell Biology) og det same pensum (ca. 426 sider) som då emnet vart undervist våren 2004/05/06. Evalueringa våren 2004 og 2005 gav ikkje grunnlag for å byta til ei anna lærebok. Pensum utgjorde litt under halvparten av læreboka. I hovudtrekk omfatta pensum 15 av dei mest sentrale områda innan cellebiologien og det vart lagt vekt på å unngå for mykje oppstykking. Ut ifrå dette var det vanskeleg å redusera pensum. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Auditorium 2144 (Datablokken, HIB) fungerte bra (nettprosjektør og ljostilhøve). Kanskje kan eit mindre auditorium nyttast dersom studenttalet ikkje aukar (frammøtet var berre ca. 20 for kvar forelesing).

Andre forhold

På same måte som i 2005/2006 måtte forelesingsplanen spesielt leggjast opp for å unngå for mange kollisjonar med laboratoriekurset på MOL202. Dette førte til at litt for mange forelesingar måtte utsetjast til den siste delen av semesteret. Studentane vart gjort oppmerksame på dette på førehand og oppmoda om å arbeida meir aktivt i den fyrste delen av semesteret, men dette vart truleg ikkje gjort. Det bør difor vurderast om tidsplanen for MOL202 kan bli noko endra for å unngå dette problemet. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Det vart mot slutten av semesteret lagt ut eit elektronisk evalueringsskjema (av same type som i 2005) på Studentportalen som studentane kunne svara på. Det kom berre inn svar frå 19 studentar. Sidan dette var mindre enn 50% av studentane som møtte til eksamen er det uvisst kor representativ denne evalueringa er. 

Oppsummering av innspill

Grovt sett synes studentane at arbeidsmengda/pensum er litt for omfattande i forhold til studiepoeng. Forelesingane vart i gjennomsnitt vurdert som middels, mens kollokviene vart vurdert som nyttige og delvis svært nyttige. Totalt vart emnet  vurdert som middels (7), bra (7), svært bra (2). Generelle kommentarer går på at forelesingane blir for detaljerte og lite engasjerande.

Ev. underveistiltak

Det vart ikkje gjort spesielle undervegstiltak

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Sidan mindre enn 50% av studentane var med på evalueringa er den noko usikker. Til samanlikning kan det nemnast at evalueringa som vart utført våren 2004 hadde noko større deltaking (omtrent 65%) og studentane var litt meir positive i sine vurderingar. Dette er litt merkeleg sidan det var dei same forelesarane og det var blitt gjort tiltak for å forbetra opplegget (kollokvier med større eksamensrelevans og meir forelesingsfigurar utlagt på Studentportalen). Ei mogeleg forklaring er at forskjellar i nivået mellom studentane i 2004 og 2007 kjem til uttrykk i dei to evalueringane. Kommentarane frå enkelte studentar tyder på at dei ynskjer mindre detaljer, og meir forenklingar. Nokre kommetarar tyder også på at studentane i for liten grad brukar PowerPoint materialet som er utlagt på førehand og møter lite førebudd til forelesingane. Utbytet av forlesingane ville kanskje blitt betre om dei hadde gjort det. Det er nok lite vi kan gjere for å endre arbeidsinnsatsen til studentane. Som eit mogeleg forbetringstiltak vil det difor bli lagt meir vekt på å forenkla gjennomgangen av stoffet i forelesingane. Dette vil kanskje ikkje falla i smak hjå dei flinkaste studentane, men sidan dei utgjer berre eit lite mindretal vil dette kanskje vera eit godt tiltak. I tillegg bør ein vurdera om det er mogeleg å redusera pensum med 10-15%.