Undervisninga bestod i to førelesingar i veka, samt gruppeundervisning. Pensum var henta frå boka K.A. Mughal, T. Hamre og R.W. Rasmussen: Java som første programmeringsspråk, Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 2002. Det vart gjeve tre obligatoriske øvingar samt ein avsluttande skriftleg eksamen som talte 80% av karakteren.
184 studenter oppmeldt til eksamen, 126 møtte og 101 bestod. Delen oppmeldte kvinner var 22%. Desse tala samsvarar med tidlegare år.
Snittkarakteren var C og fordelinga A:12, B:24, C:20, D:26, E:19
Nettbasert metode. Grunna svært låg svarprosent kunne ikkje desse evalueringane nyttast.