KJEM100 - emnerapport 2004 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga vart gitt i form av førelesingar, gruppeøvingar og laboratoriekurs. Det var planlagt totalt 37 timar førelesingar, 4 timar vart avlyste. 5 timar laboratorieførelesingar vart gitt i tillegg. 5 kollokvier á 2 timar vart arrangerte per student. Laboratoriekurset omfatta 5 praktiske oppgåver for kvar student samt innlevering av rapportar til godkjenning. Det vart også arrangert spørretimar heile semesteret (faglærar), og eit heildags intensivkurs før eksamen (to hjelpelærarar). Tidleg i semesteret vart det gitt ei obligatorisk oppgåve til innlevering: Bestått/ikkje-bestått. Denne var ikkje teljande på sluttkarakteren. Elles vart det arrangert midtsemestereksamen (fleirvalg, teljer 30%) og tradisjonell avsluttande skriftleg eksamen (4 timar, teljer 70%).

Strykprosent og frafall

206 studentar var påmeldt til laboratoriekurset. 235 var påmeldt til avsluttande eksamen. 188 møtte til avsluttande eksamen. 131 fekk bestått. 55 strauk og 2 trekte seg frå eksamen, 30% stryk totalt blant dei frammøtte.

Karakterfordeling

Prosentfordeling av dei som fekk bestått: A 1 (0,5%), B 11 (6%), C 42 (22%), D 42 (22%), E 35 (19%). Gjennomsnittskarakter D.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentportalen vart brukt til formidling av informasjon: Førelesingsplanar, pensum, øvingsoppgåver, kollokviegrupper, samt informasjon og tilbakemelding om deleksamenar, obligatorisk innlevering og laboratoriekurset. Oppslagstavler ved ekspedisjonskontoret på Kjemisk institutt og utanfor laboratoriekurssalane vart også brukt. Førelesingsnotatar vart også lagde ut på studentportalen.

Tilgang til relevant litteratur

Pensum er definert ut frå ei lærebok som blir levert via Studia. Lærebok: Masterton & Hurley, Chemistry, Principles and Reactions, 5th ed. Dette er faktisk tredje lærebok som er brukt på kurset dersom vi inkluderer prøveordninga CHEM100 våren 2003. Det er vanskeleg å finna ei lærebok som har eit passe nivå og omfang for KJEM100, men den nemnde læreboka vil også bli brukt i haustsemesteret 2005.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Auditorium I i Realfagbygget vart brukt til førelesingane. I dette auditoriet er det plass alle studentane som gjekk på kurset. Elles er alle audiovisuelle hjelpemidlar tilgjengelege. Det er også lett å førelesa utan mikrofon. Grupperom Kjemisk institutt vart brukt til kollokviegruppene. Kurssalane 4029 og 4031 i fjerde etasje i Realfagbygget (CIPR) vart brukt til laboratoriekurset. Det store studenttalet krevde at vi måtte ha laboratoriekurs på begge salane fem dagar i veka. Når 200 studentar er likt fordelte på alle kurssalane, er eigentleg kurssalane fulle. F.eks. vil 240-250 studentar vera for mykje, både med tanke på HMS, trivsel på laboratoriet, tilgang til fellesutstyr, tilgang til hjelp og rettleiing frå ein relativt fåtallig kursstab.

Andre forhold

Blant KJEM100-studentane er det svært stor variasjon i forkunnskapar og forutsetningar. Det store fleirtalet har faktisk berre naturfag frå første klasse i vidaregåande skule. Mange studentar har også liten matematikkbakgrunn. Dette kjem tydeleg fram sjølv om KJEM100 ikkje krev særleg meir enn aritmetikk og praktisk rekning (mål og vekt).

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Spørreskjema som var lagt ut på nettet, vart fyllt ut av studentane.

Oppsummering av innspill

Tilbakemeldingane frå studentane er i hovudsak positive. Bak dette hovudinntrykket ser vi også nyansar som sannsynlegvis heng saman med den store heterogeniteten blant studentane. Eit problem, som vi slit med på mange kurs, er frammøte til kollokvieøvingane. Dei som treng denne undervisninga mest, er gjerne dei som held seg borte også. Her har vi ei stor utfordring.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

KJEM100 og KJEM110 er arvtakarar etter det gamle generelle kjemiemnet K101. KJEM100 omfattar eit mindre og enklare pensum enn K101. KJEM110 inneheld bl.a. dei delene av K101-pensum som ikkje er med i KJEM100. Mange biologistudentar tar KJEM100 som einaste kjemiemne (som då er obligatorisk), medan andre studentar treng KJEM100 som eit grunnlag for å ta fleire kjemiemne. Ved omlegginga under "Kvalietetsreformen" har det vist seg vanskeleg å dekka alle behov like godt, samstundes som arbeidspresset for studentar har blitt merkbart større. Dette er særleg tydleg i eit førstesemester der ein no har tre kurs med mange obligatoriske undervisningselement (frammøte og innlevering) og mappeevaluering i motsetning til to kurs tidlegare. Med delvis dette som bakgrunn blir plassen og omfanget til laboratoriekurset for tida vurdert. Av omsyn til den faglege kvaliteten på innhaldet av kurset (mange studentar tar berre KJEM100!), kan vi ikkje redusera pensum særleg mykje. Likevel treng mange studentar meir oppfølgjing. Eit tiltak vil vera å dobla kollokvieundervisningstimane.