SOS105 - emnerapport 2006 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga på SOS105 blei gjennomført etter planen. Undervisning blei gitt i form av 10 forelesingar og 12 seminar. Etter dei 8 første forelesingane/seminara fekk studentane delt ut studiekravsoppgåve som dei fekk kommentarar på av undervisningassistentane. Endeleg oppgåve inngjekk i eksamen. Før skuleeksamen blei det halde 2 oppsummeringsforelesingar som tok for seg sentrale delar av pensum. 

Strykprosent og frafall

Totalt var 71 studentar oppmeldt i emnet då påmeldingsfristen gjekk ut i februar. 55 studentar gjekk opp til eksamen. Frafallet er såleis på 16 personar, og kan synast noko høgt. Ein må likevel i denne vurderinga ta høgde for at emnet er eit valemne, og såleis ikkje obligatorisk for studentane. Blant dei som arbeidde aktivt med faget i form av deltaking på forelesingar og seminar har gjennomføringsgraden vore høg. Det som særleg skiller er likevel arbeid med studiekravsoppgåva. Av dei som framstilte seg til endeleg eksamen var det berre ein person som strauk. Dette må karakteriserast som eit godt resultat.

Karakterfordeling

Gjennomsnittskarakteren i emnet er C. Den prosentvise fordelinga av karakterar i emnet viser at 6% fekk A, 33% B, 44% C og 17% D. Karakteren E vart ikkje gitt. Ei vurdering av dette tilseier at dei fleste studentane har fått eit jamt over godt utbytte av undervisninga i emnet. Det er få som har fått toppkarakteren A, og dei fleste studentane fordeler seg på  karakterane B og C. Ingen har fått svakaste ståkarakter E, og berre ein har stroke. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Emnet SOS105 har i stor grad nytta Studentportalen til å formidla informasjon til studentane. Forelesingar og seminar har også vore nytta aktivt til formidling av studierelevant informasjon. Som tidlegare nemnt, har det også fast blitt lagt ut oppgåver og forelesingsrelevante handouts på Studentportalen. Om lag 90% av dei spurte oppgir at dei bruker Studentportalen dagleg eller kvar veke for å skaffa seg relevant informasjon. Om lag 90% oppgir også at dei opplever informasjonen i portalen som tilgjengeleg og informativ. 78% oppgir at dei opplever det som viktig for det faglege utbyttet deira at forelesingsnotat (handouts) blir lagt ut i portalen.  På SOS105 fungerer Studentportalen som kommunikasjonsverktøy mellom faglærar og studentar.

Tilgang til relevant litteratur

Faglærar har før kvart semester revidert og fått trykt opp nye, og oppdaterte, kompendium for emnet. Kompendia har vore for sal hos Studia. I tillegg til kompendiet har emnet berre nytta tre fagbøker. Desse har så langt kome i nye (og reviderte) opplag, og vore uproblematiske å  skaffa gjennom Studia. Når det gjeld tilgangen på pensumlitteratur ved UBB så har denne eit klart forbedringspotensiale. UBB har eitt eks av Sennett til korttidsutlån, eitt eks av Osterman til korttidsutlån, og eitt eks av Watson til korttidsutlån. UBB sitt eksemplar av Watson er også eit utgåve som vi ikkje lenger nyttar i emnet (1995-utgåva). Derimot nyttar vi (den sterkt reviderte) 2003-utgåva. På eit så stort valemne som SOS105 burde ein auka tilgangen på pensumlitteratur ved UBB til minst 2 eks, samt kjøpa inn den nyaste utgåva av Watson.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Emnet har hatt faglærar i 50% stilling, samt to undervisningsasistentar engasjert i timestilling. Emnet har vidare hatt tilgang på tenester med koordinering av seminar, utarbeiding av emne-evaluering og utlegging av informasjon på Studentportal. Dette blir vurdert som tilfredstillande.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Studentevaluering blei gjennomført i form av midtvegsevaluering i mars 2006, og i form av sluttevaluering i form av spørreskjema utdelt på siste forelesing i mai 2006. Det blei og gjennomført munnleg sluttevaluering i seminargruppene. Det blir her tatt utgangspunkt i sluttevalueringane. 

Oppsummering av innspill

28 studentar, om lag halvparten av dei som gjekk opp til eksamen svarte på den siste  spørreskjemaundersøkelsen. Hovudinntrykket er at studentane synest å vera godt nøgde med SOS105 våren 2006. Av dei som svarte på spørreundersøkelsen oppgir 75% å vera nøgde eller svært nøgde med kurset. Samstundes oppgir 96% at dei synest at kurset er fagleg interessant. Studentane oppgir også at dei har lese og hatt godt utbytte av pensum, særleg Sennett og kompendiet. Dette stemmer også med mi oppleving som faglærar og forelesar. Studentane som har deltatt på forelesingane har vore aktive, spørrande og engasjerte. Og har gitt klart uttrykk for at dei finn kurset interessant og engasjerande. 

Det har likevel vore ei todeling i studentmassen, noko som og kjem til uttrykk i evalueringa av forelesingane. Samstundes som 75% oppgir at forelesingane har vore ”svært viktig” for den faglege progresjonen deira er det berre 54% som oppgir at dei er ”svært fornøyd” eller ”litt fornøyd” med forelesingane, medan 46% oppgir å vera ”litt misfornøyd” eller ”svært misfornøyd”. Dette resultatet tangerer også den klare delinga der 50% finn emnet fagleg vanskeleg. Studentane har her i stor grad og nytta utfyllande kommentarar på dette temaet. Kommentarane går i to retningar. Den eine retninga framhevar forelesaren sin engasjerande stil, evne til å setta i gang tankeprosessen, visa at sosiologien er relevant for folks liv, at det er inspirerande, evne til å forklara vanskelege ting på ein god måte, dialogisk og lærerikt.  Men samstundes går og kommentarane i retning av at noen meiner at det har vore for lite pensumgjennomgang på forelesingane, at forelesingane har vore for lite strukturerte, og at forelesaren burde ha nytta powerpoint for å strukturera forelesingane bedre. 

Mine kommentarar som faglærar er følgjande: Målet mitt med denne forelesingsrekka var å visa studentane at arbeidssosiologi er eit interessant fag som angår livet deira. Eg ville samstundes opna augene deira for det tvetydige ved det moderne arbeidslivet og gjera kurset relevant for dei både ved å gå inn i pensum og å knytta det til relevante pågåande diskusjonar. Eg ville med andre ord engasjera dei i relevante faglege debattar og dilemma. Og etablera ein dialogisk situasjon i forelesingssalen. Slik eg har opplevd desse forelesingane, og slik eg les studentevalueringane, meiner eg at eg har lykkast med dette. I dette arbeidet har eg brukt pensumlitteraturen, mi eiga forsking i feltet, samt  pågåande offentlege diskusjonar og synspunkt i media som utgangspunkt for diskusjonar og refleksjonar der eg har prøvd å trekka inn studentane og deira erfaringar, verdiar og kunnskapar i læringsprosessen, og knytta dei til faglege kontekstar. Mange av studentane har sett svært stor pris på dette. Og dei har gitt klart uttrykk for det. Men det har og vore studentar som har gitt uttrykk for at dei vil ha forelesingar som i sterkare grad formidlar pensum direkte, og meir strukturert, utan alle desse diskusjonane og refleksjonane. Enkelte av dei har etterlyst powerpoint som formidlande og strukturerande element. Det har eg ikkje brukt. Det eg har gjort er (i forkant av forelesingane) å legga ut på Studentportalen handouts med relevante begrep og tema som eg har tenkt å ta opp i dei enkelte forelesingane, med oppfordring til studentane om å printa desse ut sjølve og ha dei som underlag for forelesingane, og for eige studiearbeid. I noen grad har eg også brukt overhead. Men det pedagogiske hovudmediet eg har nytta meg av er talen, diskusjonen, samtalen og  refleksjonen. At studentane har lært noko av dette ser ein og av eksamensresultata med berre ein stryk, ingen E og ein sterk konsentrasjon av B og C. 

Studentane har jamt over vore nøgde med seminargruppene, men mange opplever at spørsmåla som dei skulle diskutera i for liten grad har vore knytt til foregåande forelesing.  Faglærar har her utarbeidd tematiske spørsmål for kvart seminargruppemøte med utgangspunkt i forelesingas tematikk og pensum, slik at studentane først gjekk på forelesing, og deretter diskuterte relevante spørsmål i gruppene. Her har det nok vore tilfelle av mismatch der forelesingane ikkje alltid har nådd å gjennomgå alt som dei seinare skulle diskutera i seminargruppene. Dette kan i framtida forbetrast. Studentane har vore godt nøgde med seminarleiarane, og 54% oppgir at seminargruppene har vore viktige for den faglege progresjonen deira. Oppsummeringsvis kan ein seia at seminargruppne har fungert godt dette semesteret, men at koplinga mellom forelesingsrekka og seminarrekka har eit forbedringspotensiale.

Arbeidet med dei obligatoriske oppgåvene blir av eit stort fleirtal oppgitt å gi eit stort fagleg utbytte, både sjølve arbeidsprosessen, men også kommentarane dei fekk frå seminarleiarane via KARK. Dei obligatoriske oppgåvene med muligheit for kommentarar bør difor bevarast som ein del av det pedagogiske opplegget i emnet.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Koplinga mellom forelesingsrekka og seminarrekka har eit forbedringspotensiale.