Programmes: BASV-INFO Bachelor Programme in Information Science - Autumn 2017




Sequential Requirements, courses

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

Gjennom heile studieløpet vil studentane møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Undervisninga blir gitt som førelesingar, seminar og ulike typar øvingsopplegg. Dei informasjonsvitskaplege emna inneheld eit stort innslag av sjølvstendig praktisk arbeid under rettleiing. Studiet omfattar derfor ikkje noka eiga bacheloroppgåve.

I 1. semester gjennomfører studentane eit introduksjonskurs - INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg følgjer studentane SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar (10 stp) og Ex.phil. (10 stp).

I 2. semester tar studentane 15 studiepoeng informasjonssystem - INFO110 Informasjonssystem (10 stp) og INFO114 Utvalde emne i informasjonssystem (5 stp) og 10 studiepoeng i programmering - INFO132 Grunnkurs i programmering, samt INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap (5 stp).

I 3. semester følgjer studentane normalt INFO122 Databasehandtering (10 stp), INFO123 Utvalde emne i databasehandtering (5 stp), INFO210 Systemutvikling (10 stp) og INFO214 Utvalde emne i systemutvikling (5 stp).

I 4. semester kan studentane velje fordjuping på 200-nivå i informasjonsvitskap eller valfrie emne. Studentane kan velje to av kursa INFO261 (15 stp) Interaksjonsdesign, INFO221 Multimediahandtering og INFO231 Programutvikling.

5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i informasjonsvitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra. Det er mogleg å bytte om 4. og 6. semester, slik at ein tar emne på 200-nivå i 6. semester, og valemne i 4. semester.